Kap. VII. Private vegar. (Link)
§ 53.Eigedomsinngrep til bygging, utbetring, vedlikehald og drift av privat veg, her òg
gangstig, kløvveg o.l., kan det gjerast vedtak om i skjønn mot vederlag til den det råkar,
dersom det må reknast for klårt at inngrepet vil vere meir til gagn enn til skade. På same
måte og vilkår kan skjønnet òg gi rett til å bruke veg som alt ligg der. Kvar av partane i
slik sak kan krevje avgjort om vegretten alt er til, at han vert nærare fastlagt, eller å få
bruken flytt.
Slikt eigedomsinngrep kan òg gjelde grunn og rettar til bate for ein som lyt tåle
eigedomsinngrep etter første ledd eller for tredjemann, så framt skaden og ulempene då
alt i alt vert monaleg mindre.
Skjønnet tar avgjerd om kva inngrepet skal gå ut på, kor langt det skal gå, og kva for
vilkår som i tilfelle skal settast for inngrepet. Skjønnet kan fastsette at vederlag for
bruksrett til veg som alt ligg der, skal omfatte ein forholdsmessig part av utgiftene til
anlegg og vedlikehald av vegen. Skjønn til fastsetting av slikt vederlag kan krevjast av
båe partane.
I det mon eigedomsinngrepet gjeld bruksrett eller annen særlig rett, og det er
fastsett årlig vederlag, kan partane etter fem år krevje nytt skjønn om vederlaget, korleis
inngrepet skal vere og kor langt det skal gå og andre vilkår. Under dei same
føresetnader kan eigar eller brukar av den tenande eigedomen også krevje at det skal
haldast nytt skjønn om inngrepet i det heile skal stå ved lag.
Endra med lov 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 juli 1996). Vert endra med lov 21 juni 2013 nr. 100 (ikr. 1 jan 2016, etter res. 21 juni 2013 nr. 736).
§ 54.Når privat veg blir brukt som sams tilkomst for fleire eigedomar, pliktar kvar eigar,
brukar eller den som har bruksrett, kvar etter same høvetal som gjeld for den bruk han
gjer av vegen, å halde vegen i forsvarlig og brukande stand. Det blir med dette ikkje gjort
endring i rettar som måtte vere vunne, eller i føresegner som elles måtte vere gitt for
vedlikehaldet av vegen. Plikta kan oppfyllast med yting av materiale eller arbeid eller
med betaling av pengar.
Det som i første ledd er fastsatt om vedlikehaldet av vegen, skal på same vilkår
gjelde også for utbetring av privat vei.
Blir dei interesserte ikkje samde om korleis plikta til vedlikehald eller utbetring skal
fordelast, kan kvar av dei krevje at desse spørsmåla skal avgjerast ved skjønn.
Er slik avgjerd og avgjerd etter § 53 tredje ledd teke etter reglar i § 55, må skjønn
vere kravd innan tre månader etter at mottakaren fekk melding om avgjerda eller kunne
ha gjort seg kjent med ho og om fristen.
Når fem år er gått sidan bindande avgjerd er tatt etter reglane i § 55 eller sidan siste
skjønn, kan dei interesserte eller veglaget krevje ny avgjerd eller nytt skjønn.
Endra med lov 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 juli 1996). Vert endra med lov 21 juni 2013 nr. 100 (ikr. 1 jan 2016, etter res. 21 juni 2013 nr. 736).
§ 55.Dei som har plikter etter § 54 første ledd, utgjer eit veglag. Veglaget skal møtast ein
gong i året eller når det er turvande. Det tek fleirtalsavgjerd i alle spørsmål som gjeld
vegfellesskapet og står for den daglege drifta.
Når det ikkje er grunn for anna, har einkvar i veglaget ei røyst. Dersom nokon i
veglaget blir tillagt større plikt enn andre, skal røysteretten aukast tilsvarande. I mangel
av semje om slik fordeling skal veglaget leggje si avgjerd i saka fram til endeleg avgjerd
for skjønnet etter § 54 tredje ledd.
Veglaget kan for den daglege drifta velje eit styre med eit eller fleire medlemmer til å
handsame saker for det, og kan òg vedta vedtekter for laget. På grunnlag av høvetalet etter
§ 54, fastset veglaget det årlege driftstilskotet frå den einskilde. Veglaget kan òg
fastsette vederlaget for bruksrett til veg som alt ligg der. Veglaget har tilsynet med at
pliktene blir stetta slik som fastsett av veglaget, ved skjønn, jordskifte eller på anna vis.
Om nokon ikkje fyller sin part av plikter fastsette etter § 54 og denne paragrafen,
kan veglaget gjere vedtak om at arbeidet skal gjerast på den ansvarlege sin kostnad.
Veglaget kan elles ta avgjerd om å
-setje av pengar til eit fond for tiltak til utbetringar,
-ta opp lån,
-fremje søknad om rett til å krevje bompengar,
-gi vilkårsbunden vegrett til nye brukarar og trekkje slik bruksrett tilbake,
-gjere avtale med eigarane til veggrunnen,
-fremje krav om oreigning,
-treffe avgjerd om fartshinder og annan trafikkregulering og om parkering,
-inngå kontrakt om bygging, utbetring og vedlikehald av vegen.
Det som er bestemt i paragrafen her om den einskilde sine rettar og plikter, gjeld òg
om ansvaret for drifta av vegen ligg i eit sameige, eit samvirkeføretak, eller er skipa på annan måte.
Endra med lover 15 des 1967 nr. 2, 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 juli 1996), 7 apr 2000 nr. 21 (ikr. 1 mai 2000, etter res. 7 apr 2000 nr. 318), 29 juni 2007 nr. 81 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 23 nov 2007 nr. 1287). Vert endra med lov 21 juni 2013 nr. 100 (ikr. 1 jan 2016, etter res. 21 juni 2013 nr. 736).
§ 56.Med samtykke frå kommunen kan det krevjast bompengar for ferdsel på privat veg. Kommunen skal òg fastsette storleiken på avgifta og kan sette vilkår om bestemt bruk av avgiftsmidlane.
Kommunen kan òg fastsette at det kan krevjast tilleggsavgift av eigaren til
køyretøyet ved unnlatt betaling av bompengar og fastsette storleiken på tilleggsavgifta.
Endra med lov 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 juli 1996).
Copyright © All Rights Reserved Skiparvikvegenveilag.no